GEOREBUS

Nikosia på Kypros?

Stemme. Europa sin siste delte by. Kypros er ei øy som ligg geografisk i Asia, men kulturelt i Europa. Folk flest veit at landet er delt i to, ein greskkypriotisk del og ein tyrkiskkypriotisk del, men det er i tillegg britisk del. Det er og ei FN styrke på øya som passar på grensa mellom den greskkypriotiske delen og den tyrkiskkypriotiske delen. Det er den FN styrken som har eksistert lengst. Det er kanskje noko å tenke på at på ferieøya solsvolten nordmenn reise til der ligg feriehotella kort veg frå ein FN styrke som beskyttar grensa.
Øya er full av spennande historie, ein finn korsfararborger blant anna den Rikard Løvehjerte gifte seg i, ein finn romerske ruinar, greskortodokse kyrkjer osv. Sist eg var der så var det to typar øl, den eine produsert av kommunistar og den andre av den greskkypriotiske kyrkja. Det kristlege ølet var best.
 

Tråder du følger

Tilbake
Topp